Therese's Blog

Just another WordPress.com weblog

Den globaliserte verda februar 5, 2010

Filed under: Uncategorized — twathne @ 8:52 pm

Problemstilling: Kva rolle spelar media i ein globalisert verden?

I denne teksten skal eg ta føre meg kva rolle media spelar i ein globalisert verden.  Asbjørnsen m. fl. Skriv at samfunnet i dag har både menneske med ulik kulturell bakgrunn og nasjonar i alle verdshjørne meir kontakt med kvarandre enn nokon gong før  (Mediemøte 2, s. 91). Media speler ei viktig rolle for denne kontakten, nettopp det som dannar globalisering.

Verda krympar, vi kallar det globalisering. ”Globaliseringa har både teknologiske, økonomiske, miljømessige, ideologiske og kulturelle dimensjonar (Asbjørnsen m.fl. S.92). I mediemøte 2 blir omgrepet globalisering definert klar å tydeleg på denne måten:

”Globalisering har vorte eit mykje brukt ord som var ukjent for dei fleste fram til midten av 1990-åra. Globalisering vil seie av nasjonsgrensene blir mindre viktige enn før, og at det veks fram ei større bevisstheit om at verda er ein heilskap, på godt og vondt. Globalisering er ikkje ein stabil tilstand, men mange samtidige prosessar som endrar seg heile tida.”

(Mediemøte 2, s. 92).

 

Desse prosessane fører til ei tettare og meir open verd, der alle er avhengige av kvarandre. Asbjørnsen m. fl. fortel at media spelar ei heilt sentral rolle i dette, både som ein del av og ein kanal for globaliseringa (Mediemøte 2, s.92). Nærliggjande døme er mobiltelefonar og e-post, som gir raskare informasjon og tettare kommunikasjon både mellom individ og som reiskapar i journalistikk (Mediemøte 2, s. 92).

 

Eit døme som gir oss sterkt inntrykk på kor stor makt media her i den globale verda finn me i den evige karikaturstriden. ”En karikatur er en komisk framstilling der typiske trekk eller egenskaper ved en person eller sak er overdrevet eller forvrengt” (Wikipedia: karikatur). Hausten 2005 trykte den danske avisa Jyllandsposten og det norske kristne tidsskriftet Magazinet karikaturteikningar av Muhammed. Ein av karikaturane framstilte profeten med ein turban som var teikna som ei bombe (Mediemøte 2, s. 92). Asbjørnsen m.fl. fortel at denne hendinga vekte sterke reaksjonar i fleire muslimske land, det førte også til åtak på ambassadar og brenning av det norske flagg (Mediemøte 2, s. 92).

Hadde ikkje globaliseringa i verda vore eit ultimatum, hadde karikaturteikningane aldri blitt publiserte. Globaliseringa har minska verda betrakteleg. For 15 år sidan hadde ikkje karikaturstriden i den forma han fekk no, vore mogleg. Da ville ikkje artiklar som stod på trykk i Skandinavia, ha nådd folk i den arabiske verda (Mediemøte 2, s.92).

Ein kan oppsummere det heile ved å seie at verda krympar, og at vi kan kalle årsaka til det globalisering. Det globale nettverket knyter oss nærmare kvarandre enn det vi som oftast trur, og mykje tyder på at media må vera meir varsame enn før med å publisere sine saker. Særleg mediesaker som handlar om fleirkulturelle problemfelt.

Kjelder:

http://no.wikipedia.org/wiki/Globalisering

Mediemøte 2

 

3 Responses to “Den globaliserte verda”

  1. Kristoffer Løvall Says:

    Hei! Synes du har en god og oversiktlig kildebruk, og det er bra du har dratt inn et såpass sentralt tema innenfor globalisering og kulturforskjell som Muhammed karikaturene. Det er et bra eksempel du godt kan bygge videre på. Andre ting du også kunne hatt med i teksten er terrorangrepet på WTC, der tekstmeldinger og rykter mellom folk over hele verden hjalp media til å sette sammen et bilde over hva som egentlig skjedde. Her kan du også legge litt ut om hvordan nyheter sprer seg så fort som de gjør ved sånne hendelser, og hvordan det påvirker oss i hverdagen (litt mer utdypende enn sitatet fra mediaboka).

    Lykke til videre med oppgaven;)

  2. Lars Erik Says:

    – Bruker kilder på en god måte mtp. sitering og refering. Oversiktiktlig og god bruk av de oppnevnte kildene

    – Kunne nok ønske at du belyser fordeler/ulemper ved en slik utvikling (konsekvensene av den globale verden, et resultat av mediene). Eneste konsekvensen du nevner er karrikaturtegning-saken. Dette blir fort litt tynt

    – Kanskje kan du bruke større variasjon av kilder. Slik at du kan få frem noen konkrete fakta iforhold til emne. Feks hvordan er tilgangen til medier ulike steder i verden (her kan forskningsrapporter være spesiellt nyttige) ? Konklusjonen er fornuftig, men vil ha mer troverdighet om du bygger opp artikkelen rundt et større aspekter av kilder, med ulike vinklinger.

  3. Tarjei G. Olsen Says:

    Fin artikkel, med mange gode punkter. Bra eksempel med tanke på karikaturstriden!

    Men du burde bruke flere kilder enn bare mediemøte 2 og en wiki-side for å få mer dybde. Etter hva jeg har forstått så er dette et første-utkast. Vær konkret og få inn mer personlig også.

    Forslag til gode lenker:

    http://www.ung.no/nyheter/1752_Globalisering_-_verden_blir_mindre.html

    http://www.rorg.no/Temasider/Globalisering/Introduksjon/Globalisering___vinnnere_og_tapere/index.html

    Ligger en del bra her.

    Lykke til med det ferdige produktet!
    Tarjei G. Olsen


Kommenter innlegget