Therese's Blog

Just another WordPress.com weblog

Reklameplakat juni 7, 2010

Filed under: Uncategorized — twathne @ 8:31 am


Her er medieproduktet mitt! Denne reklameplakaten har eg arbeidd med i dei to siste vekene i mediatimane, og er no ferdig. Reklameplakaten reklamerar for nokre skjønheitsprodukt frå det kjende merket Clinique, i samarbeid med kjøpesenter-kjeda Amfi. Her får ein dei 3 nye produkta for ein god «deal», og kan spare ein god del pangar når ein handlar på parfyumeri på kjøpesentera Amfi.


I arbeidet mitt brukte eg Word, i og med att eg ikkje har gode nok kunnskapar med photoshop. Dette gjorde til at produktet kanskje ikkje fekk så høg kvalitet som ønska. Når ein lagar reklameplakat er det viktig at slagord, bilete og anna tekst samhandlar godt, slik at bodskapen i plakaten når fram til mottakarane! Det var spennande og interessant og arbeide med dette, i og med at det også er kjekt å prøve noko nytt!

Reklame
 

Bloggkommentering 6. April april 7, 2010

Filed under: Uncategorized — twathne @ 7:46 am

Dette er eit av kommentarane eg gjore 6. April:

Hei Trine! Vi fra medie- og kommunikasjons klassen på Sogndal VGS har fått i oppgave å kommentere blogginnlegga dykkar om informasjonskløfter, mitt namn er Therese:)

Når det gjeld innlegget ditt lurer eg på om dette er det ferdige produktet ditt eller kun førsteutkastet? Trudde me skulle kommentere det ferdige innlegget:)

Eg tek utgangspunk i at dette var førsteutkastet ditt og kommenterer det du har skrive:) Eg likte at du har presentert oppgåva på ein fin og oversiktleg måte. Dette gjer det mykje enklare for lesaren å ta tak i teksten din på og få god innsikt. Synes også det er bra du har fått med problemstillingar i innleiinga. Det er viktig, for å halde «den raude tråden» gjennom teksten, i forhald til tema. Også bra med defenisjon, men synes den var litt uklår. Kanskje du kunne ha funne ein betre defenisjon? Saknar også at du ikkje har presentert konkret kva du skal ta føre deg i teksten din, som er ein viktig del av innleiinga. Men ellers synes eg at du har komme godt igang med ein god start! Ser fram til å sjå det endelege innlegget:)

Håpar kommentaren min var til hjelp:) Lykke til vidare!

Mi vurdering av innlegga:
Eg synes det var hyggeleg å kunne hjelpe andre med å gjere ting betre! Også kjekt å kunne gjere noko litt anleis enn det vanlege. Men det eg synes var litt rart var at dei fleste innlegga var ganske korte, og nokre av dei var ikkje eingong eit ferdigt produkt. Var det mininga me skulle kommentera førsteutkastet deira? Dette var ein av hensyna i kommenteringa mi. Eg tok utgangspunkt i at det var førsteutkastet, og ikkje det ferdige produktet. Tok også hensyn til det å være open, hyggeleg og ikkje for hard med kommenteringa! Vi er tross alt på «besøk» på andre sine bloggar:)

 

februar 16, 2010

Filed under: Uncategorized — twathne @ 12:28 pm

 

Den globaliserte verda februar 5, 2010

Filed under: Uncategorized — twathne @ 8:52 pm

Problemstilling: Kva rolle spelar media i ein globalisert verden?

I denne teksten skal eg ta føre meg kva rolle media spelar i ein globalisert verden.  Asbjørnsen m. fl. Skriv at samfunnet i dag har både menneske med ulik kulturell bakgrunn og nasjonar i alle verdshjørne meir kontakt med kvarandre enn nokon gong før  (Mediemøte 2, s. 91). Media speler ei viktig rolle for denne kontakten, nettopp det som dannar globalisering.

Verda krympar, vi kallar det globalisering. ”Globaliseringa har både teknologiske, økonomiske, miljømessige, ideologiske og kulturelle dimensjonar (Asbjørnsen m.fl. S.92). I mediemøte 2 blir omgrepet globalisering definert klar å tydeleg på denne måten:

”Globalisering har vorte eit mykje brukt ord som var ukjent for dei fleste fram til midten av 1990-åra. Globalisering vil seie av nasjonsgrensene blir mindre viktige enn før, og at det veks fram ei større bevisstheit om at verda er ein heilskap, på godt og vondt. Globalisering er ikkje ein stabil tilstand, men mange samtidige prosessar som endrar seg heile tida.”

(Mediemøte 2, s. 92).

 

Desse prosessane fører til ei tettare og meir open verd, der alle er avhengige av kvarandre. Asbjørnsen m. fl. fortel at media spelar ei heilt sentral rolle i dette, både som ein del av og ein kanal for globaliseringa (Mediemøte 2, s.92). Nærliggjande døme er mobiltelefonar og e-post, som gir raskare informasjon og tettare kommunikasjon både mellom individ og som reiskapar i journalistikk (Mediemøte 2, s. 92).

 

Eit døme som gir oss sterkt inntrykk på kor stor makt media her i den globale verda finn me i den evige karikaturstriden. ”En karikatur er en komisk framstilling der typiske trekk eller egenskaper ved en person eller sak er overdrevet eller forvrengt” (Wikipedia: karikatur). Hausten 2005 trykte den danske avisa Jyllandsposten og det norske kristne tidsskriftet Magazinet karikaturteikningar av Muhammed. Ein av karikaturane framstilte profeten med ein turban som var teikna som ei bombe (Mediemøte 2, s. 92). Asbjørnsen m.fl. fortel at denne hendinga vekte sterke reaksjonar i fleire muslimske land, det førte også til åtak på ambassadar og brenning av det norske flagg (Mediemøte 2, s. 92).

Hadde ikkje globaliseringa i verda vore eit ultimatum, hadde karikaturteikningane aldri blitt publiserte. Globaliseringa har minska verda betrakteleg. For 15 år sidan hadde ikkje karikaturstriden i den forma han fekk no, vore mogleg. Da ville ikkje artiklar som stod på trykk i Skandinavia, ha nådd folk i den arabiske verda (Mediemøte 2, s.92).

Ein kan oppsummere det heile ved å seie at verda krympar, og at vi kan kalle årsaka til det globalisering. Det globale nettverket knyter oss nærmare kvarandre enn det vi som oftast trur, og mykje tyder på at media må vera meir varsame enn før med å publisere sine saker. Særleg mediesaker som handlar om fleirkulturelle problemfelt.

Kjelder:

http://no.wikipedia.org/wiki/Globalisering

Mediemøte 2

 

Test video januar 17, 2010

Filed under: Uncategorized — twathne @ 10:42 pm
 

Mi medieopplevelse

Filed under: Uncategorized — twathne @ 10:21 pm

Mi medieoppleverlse må nok vera da Sogn avis ville skrive artikkel om utvekslingsåret mitt sommaren 2009. Det var ein av dei første dagane eg hadde hatt heime etter turen tilbake frå USA da dette skjedde. Eg blei stoppa på butikken av ein  journalist frå Sogn avis. Han lurde på om han kunne intervjue meg om opphaldet eg hadde hatt i USA 2008-2009. Eg tenkte eit lite intervju kunne ikkje skade, og takka dermed ja. Intervjuet var ganske langt, men med korte spørsmål der eg fortalde om hovudhendingane under utvekslingsåret mitt. Både forbetra ferdigheiter i både dans og fridrett var ein av dei!

Det tok ikkje meir enn ei halv veke før artikkelen om utvekslingsåret mitt kom på trykk. Det var da eg forstod kor lite det skulle til for ein journalist kunne forandre eit par enkle spørsmål til ein artikkel på vel to heilsider. Etter denne hendinga fekk eg veldig mange kommentarar og spørsmål. Det var ein god opplevelse, og eg håpar at dei unge som leste atikkelen blei opmoda til å gjere det same!:) Det er ein opplevelse for livet! Bileta ovanfor er ifrå state championship i Oregon.

 

Media fagdag november 30, 2009

Filed under: Uncategorized — twathne @ 9:32 am

Fredag 27. November hadde mediaklassen fagdag. Denne fagdagen var litt anleis enn det vi var vande med; vi skulle no begynne med filmproduksjon. Dette var noko nytt for dei fleste, og vi var alle svært spente på kva denne dagen skulle bringe. Vi hadde blitt grupperte frå før av, og hadde allereie jobba med å sette saman manus og synopsis til filmen. Gruppa mi bestod av; Inghild, Janne, Ida og meg.

Vi tok til å filme 08.30, og hadde ein klar formeining om kva me skulle gjere. Filminga tok stad på ulike plassar, men hovudsakleg på skulen og på hybelen til Janne. Vi fekk også hjelp av rådgivar Gunn Helene Grinde til å spele ein av hovudrollane i filmen vår. Men tanke på sjølve filminga gjekk det greitt, litt gjennomgang av vinkling av kamera, det gylne snitt m.m. måtte til. Men resultatet blei svært bra, og vi er godt nøgde.

 

Trykkpressa si historie

Filed under: Uncategorized — twathne @ 8:20 am

Oppgåve om kjeldebruk

 

Vi kan på mange måtar seie at mediehistoria starta med trykkpressa. Asbjørnsen m. fl seier at teknikken var enkel og at den vart gradvis forbetra ved at ein utvikla meir slitesterke typar og som utgjorde raskare trykkjesystem: ”Lause typar med bokstavar og andre teikn vart monterte på ei plate, påførte blekk og pressa mot eit papirark.” (Asbjørnsen m.fl 2007, s.124).

Men det tok ikkje lang tid før trykkrevolusjonen skaut i været, og nye oppfinningar kom fram. Det var ein kjend mann med namn Gutenberg som fekk ein del av æra for dette. Det var på slutten av 1500-talet at vidareutviklinga av trykkpressa kom i gang. Gutenberg hadde idéen om trykkpressa som kunne bevege seg. I verkstaden sin samla han saman teknologiar av papir, oljebasert blekk og vin-pressa til å trykkje bøker. Slik blir det formulert av Bruce Jones; ”The printing press is not a single invention. It is the aggregation in one place, of technologies known for centuries before Gutenberg” (1997). Så med det kan me seie teknologiane som til saman utgjorde trykkpressa, har ulike opphav.

Fleire samfunnsendringar har grunnlaget sitt frå trykkjeteknologien. Hadde ikkje store nyheiter blitt lagt på trykk, hadde politiske omveltingar som den franske revolusjonen, reformasjonen, den vitskaplege revolusjonen vore utenkjeleg (Asbjørnsen m.fl, 2007, s.126).

 

KJELDELISTE

(http://communication.ucsd.edu/bjones/Books/printech.html)

Asbjørmsen, Dag m.fl (2007): Mediemøte 2. Aschehoug.

 

B Refleksjon

Eg synes det var ganske vanskeleg å gjennomføre denne oppgåva. Mykje på grunn av at dette er noko nytt, som dei fleste av oss aldri har gjort før. Det var også mykje ny informasjon og kunnskap som skulle lærast før ein kunne byrje. Det at kjeldebruket skal vera så korrekt som muleg, er også ein stor tanke å ha i hovudet gjennom arbeidet om å få ein tekst med best mogleg kvalitet. Kun øvelse gjer meistar!

 

Kjeldene mine skal vera ganske pålitelege. I og med at dei fleste av dei er teke frå læreboka, som er mykje av grunnlaget på undervisninga i klassen. Internett er noko meir uvisst kor mykje av fakta som er korrekt. På den eine kjelda mi frå Brunce Jonsen, oppga han at kjelda kun skulle brukast til skulearbeid med det nivået han utgjorde. Sidan internett sida hans var kun oppretta av eigne interesse.

 

Informasjonskampanje- Eshowe september 15, 2009

Filed under: Uncategorized — twathne @ 10:35 am

Eshowe

Eg syns informasjonskampanjen gjekk veldig bra i forhald til det vetle tidsrommet me hadde å førebu oss på! Det eg vil understreka som var veldig bra var att all utstyr var klart rigga til og det var berre å byrje presentasjonen. I gruppa mi vil eg påstå å sei at at manuset var godt lest over, og det var fri flyt når ein presenterte. Budskapet me ville ha fram blei formidla og nådde fram til dei fleste, slik som oppgåva vår var.

Minuset var lekk av informasjon. Mange av klassane hadde ikkje fått informasjon om møtet på T1, og kom i all hast 20 min etter att dei eigentleg skulle ha komme. Ellers hadde det kunne vore greitt å ha planlagt i kva slags rekkefylgje filmane og sjølve presentasjonen skulle gå i, slik att alle presentasjonane kunne hatt ein lik struktur.

Men alt i alt synes eg at det var effektivt og godt jobba av alle i mediaklassen, og resultatet vart ein vellykka informasjonskampanje 🙂

TENK MED HOVE,

HJELP ESHOWE

– GJER EIN FORSKJELL!

 

Vi gir deg betre vegar – Senterpartiet september 1, 2009

Filed under: Uncategorized — twathne @ 11:14 am

IMG_3796(2).JPG _ SP sin vegpolitikk

Dette er biletet vårt! Me har valgt å leggje vekt på senterpartiets punkt om gode vegar. Her er det teke bilde av to ulike vegar; ein god og ein svært dårleg. Den gode og nye vegen symboliserer senterpartiet; Liv Signe tek vare på vegane for deg.

Er du lei av dårlege vegar?

– Me og!

Medverkande: Therese Wathne, Bjørnar Hegg- Lunde og Trond Schøyen Høgi